Kva er det sosialistiske ved å prioritere norske framfor afrikanske bønder, spør post.doc. Iselin Theien i ein kronikk i Klassekampen 23. juli. Ho hevdar at eit raudgrønt regjeringsalternativ bør kallast nasjonalkonservativt om subsidieringa av norsk landbruk blir oppretthalden. Som senterpartimedlem skal ikkje eg bruke plass på kva sosialisme er, trass i at dette er teoretisk og praktisk interessant. Men eg vil setje spørsmålsteikn ved grunnlaget for kronikken til Theien. Ho fører nemleg ingen argumentasjon for det som er premisset for innlegget – at ein stopp i statlege overføringar til landbruket vil føre til auka utvikling i sør, sjølv om argument mot eit slikt premiss har vore trykt i Klassekampen tidlegare (ma. Aksel Nærstad 13. juli). Kvifor argumenterer ikkje post.doc. Theien for sitt syn? Det skuldast særskilt ein ting: Ho hevdar det som det den franske semiologen Roland Barthes kallar ein «myte»; eit kommunikasjonssystem, ein bodskap. Kva funksjon har myten? «Myten består i å vende kultur om til natur, eller i det minste å gjøre det spesifikt sosiale, kulturelle, ideologiske og historiske om til noe naturlig. Det som ikke er annet enn produktet av klassedelingen og dens moralske, kulturelle og estetiske konsekvenser, blir presentert som (og uttrykt som) 'selvsagt'. Under innflytelse av denne mytiske inversjonen blir helt tilfeldige grunnlag for et utsagn snudd om til Sunn Fornuft, 'Rett og riktig', Normen, Allmennoppfatningen […]». (Barthes: I tegnets tid. Utvalgte artikler og essays. Norsk utgåve 1994.)Det er for Theien naturleg å setje norske og afrikanske bønder opp mot kvarandre. Når noko er vendt om frå kultur til natur ligg ikkje bevisbyrda på den som opprettheld myten, av di denne går inn i «det sjølvsagte», det som er «rett og riktig». Bevisbyrda fell på den som ynskjer å bryte ned denne myten. Å argumentere mot Theien blir komplekst, av di det i naturleggjeringa av myten også har skjedd ei forenkling. Ein konsekvens er å sjå matproduksjon som fattige lands einaste middel til å koma seg ut av fattigdomen. Ingen i-land har bygd opp rikdomen på landbruksproduksjon åleine. Det er lite truleg at fattige land i sør skal klare det basert på råvareeksport av mat til rike land. Ein annan forenklingskonsekvens er at det er nettopp landbruksoverføringane i Noreg som konkurrerer med bistanden. Har norske bønder større krav på vår stønad enn afrikanske bønder? spør Theien. Ein kunne også ha stilt spørsmåla: Har norske barnefamiliar større krav på vår stønad enn fattige barnefamiliar i Afrika? Treng me industriarbeidsplassar i Noreg om me kan la norske industrigigantar flagge ut og gje fattige menneske i sør arbeid? Gjennom ei naturleggjering av eit standpunkt skjer det også fragmentering. Tapte arbeidsplassar i landbruket og næringar nært knytte til landbruket, dårlegare dyrevern og miljøkonsekvensar ved å frakte mat over halve verda er eigentleg ein del av same diskusjon, men for Theien vil dette bli forvanskingar av resonnementet hennar. Om Stortinget legg ned norsk landbruk og brukar pengane på bistand i staden for, vil det truleg føre til mindre fattigdom. Det same vil sjølvsagt skje om me i staden for å finansiere småbarnsfamiliane i rike Noreg gjennom kontantstønad, 6-timars arbeidsdag med full lønskompensasjon, eller gratis barnehageplass, gjev pengane til dømes til skulegang for born på landsbygda i Tanzania. Theien gjer ein grunnleggjande vitskapleg feil når ho set indirekte likskap mellom Noreg og EU ved å ikkje problematisere skilnader landa imellom i «den vestlige verdens handelsproteksjonisme». Noreg har full tollfridom på alle varer for dei 49 MUL-landa. EU og USA har unntak for viktige varer dei sjølve produserer, i tillegg til eksportsubsidie som set dei i stand til å utkonkurrere fattige land både på desses eigne og på andre marknader. Noreg har ikkje eksportsubsidie med unntak for Jarlsbergost til USA, og har gått med på å avvikle denne. Når norske bønder blir sett i selskap med EU og USA kan ein fort få inntrykk av at norsk sauekjøtproduksjon for heimemarknaden er det same som EUs gigantiske kjøtindustri, og at norske sauebønder, gjennom staten Noreg, dumpar sauekjøt på marknaden i Afrika. Me må også skilje mellom norske bønder og staten Noreg, ettersom norske bønder så langt i frå er samde i den til ei kvar tid sitjande regjerings forhandlingsposisjonar i WTO. På nytt har altså Theien sine konklusjonar premiss som ikkje vitskapleg haldbare. Theien går i same fella når ho tek ein påstått proteksjonismeforårsaka auke på 1500 dollar i matbudsjettet for ein familie i EU som eit argument mot norsk landbruksproteksjonisme. Kuttet i matmomsen skulle koma forbrukarane til gode, men det syner seg at den planlagde reduksjonen i matvareprisane er oppeten av matvarekjedene. Staten har altså i praksis gjort Rema-Reitan endå rikare enn før. Av den 10-aren me brukar til mat per 100 kroner, får bonden 1,80 kr. Resten går til mellomledda. Theiens argument om at det er landbruksproteksjonismen som held matvareprisane «kunstig høge» held altså heller ikkje mål. Men kva då med Theiens liberaliseringshelt på europeisk venstreside, Tony Blair, og hans The Commision for Africa? Ser me nærare på rapporten frå kommisjonen er det interregional matvarehandel i Afrika for å betra forsyningstryggleiken som har fokus. I tillegg kjem ei rad afrikanske eksportprodukt me ikkje produserer i Noreg, slik som kakaobønner, appelsinar, ananas, soyaolje og sukker. Me ender altså opp med at Blair og The Commision for Africa ikkje argumenterer for at norsk sjølvforsyningslandbruk står i vegen for utvikling i sør, slik Theien hevdar. Sjølv fører ho berre vidare ein myte slik Roland Barthes har definert han, ein myte med ein rein ideologisk funksjon. Theien ender såleis opp med å spela på lag med høgrekreftene i deira kamp mot norsk landbruk og for auka global frihandel. Hilde Lysengen Havro er hovudfagstudent i kulturh