Sist laudag debatterte eg framtida for Nordsia på Steinkjer. Eg måtte bynne med fortida. Før i tida var det Nordsia som var maktas sentrum. Her var «sjiten og pængan» sa folk på Sørsia. Men no skjer det lite på Nordsia. Mange tomme butikklokale. Mange slitne fasadar. For over hundre år sia vedtok politikarane i Steinkjer, med ordføraren si dobbeltrøyst, at den nye jernbanestasjonen skulle leggjast på Sørsia. Omtrent samtidig vedtok politikarane, etter at størsteparten av Sørsia var brent ned, at den nye skolen skulle byggjast på Sørsia den og. Det vart starten på nedturen for Nordsia, og sia har nedturen halde fram. Etter krigen, då både Sørsia og Nordsia skulle byggjast opp att av ruinane, vart Sørsia småbyens representative sentrum – med samfunnshus og rådhus, med rette, breie gater og gatekryss i rette vinklar. Nordsia vart litt meir laid-back, litt meir engelsk hageby med krokete gater som underordnar seg terrenget. Litt urban betong i Kongensgata, javel, men elles trehus og småhagar. På Sørsia brukar kommunen pengar på gågater og hyrer fargeprofessorar til å utarbeide fasadefargeplanar. På Nordsia får dei no halde på som best dei kan. Og heile utviklinga skuldast altså at ordføraren i 1900 budde på Sørsia. Så kom ikkje her og sei at politikarar ikkje har makt. Og dersom Nordsia skal bløme att, må det litt politisk vilje til, og litt maktbruk og litt sløsing med skattepengane. Ein tung kulturinstitusjon kunne skapt litt «Bilbaoeffekt» i bydelen. Men Union i Skien ser det ut til at inga politisk makt kan berge. Ikkje Børge Brende. Ikkje Høybråten. Ikkje ordføraren i Skien. Det er godt å få ei sånn påminning rett før eit val – om kva politikken kan og ikkje kan, og kva politikarane vil og ikkje vil – om kva slags samfunn vi lever i og om kven som har makta. Kor er en politikaren som vil stå fram og seie at «akkurat så meiningslaus er kapitalismen – her har arbeidsfolk dag ut og dag inn skrapa saman meirverde til aksjeeigarane i Norske Skog sånn at dei kan investere i fabrikkar utanlands. Og her er takka». Men det er det vel ikkje det valkampen skal dreie seg om. Det er vel eit uansvarleg synspunkt. Politikarane er kanskje makteslause. Men kor mange dagar måtte arbeidarane i Norske-Skog-konsernet streike for å få leiinga til å mjukne? Kor lenge måtte samtlege papirmaskiner stå? Enn om vi fekk ei lov som gjorde det lovleg å streike mot bedriftsslakting? Robert Øfstilærar i vidaregåande skule
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Benkesliter'n
Han ønsket å gi den gamle imperiemakten en etisk utenrikspolitikk – som takk satte Tony Blair han på bakerste benk.
Storbritannias tidligere utenriksminister og mangeårig medlem av Underhuset Robin Cook døde lørdag etter en fottur i sine hjemtrakter i Skottland. Robert Finlayson Cook kom til verden i Bellshill, Lanarkshire en februardag i 1946 og gikk på skole i Aberdeen og Edinburgh før han kastet seg over politikken. Det skal ha vært hans engasjement mot atomvåpen som førte unggutten inn i Labour i 1964.Etter noen år med litteraturstudier ved universitetet i Edinburgh tok han fatt på en lang rekke poltiske verv. Først som lokalpolitiker, deretter som medlem av det britiske Underhuset, hvor han ble innvalgt for første gang i 1974.