U-hjelp fra rikfolk til rikfolk
Iselin Theien legg i Klassekampen 23. juli fram ein del av Tony Blair, frihandelstilhangarane og internasjonal agrobusiness sine argument i dei komande WTO-forhandlingane. La oss forfylgja desse tankane litt vidare:1. Mat er makt. Egypt kan til dømes berre produsera halvdelen av den maten dei treng til det veksande folketalet sitt, resten er donasjonar frå USA. Dersom Egypt prøver å gå mot USA sin midtaustenpolitikk og den internasjonale, langt på veg jødedominerte agrobusinessen – vips så er maten borte og egyptarane særs sultne. Resultat: Egypt er på denne måten eliminert som faktor i kampen for palestinarane. Vil Theien at Noreg og resten av G10-gruppa skal bli fjernstyrte på same måten av amerikanske interesser?2. Romskipet Tellus vil bli mindre. Folketalet i verden aukar, matjordarealet minkar ved ørkenspreiing og nedbygging, mykje åkerjord misser naudsynleg vasstilførsle ved at grunnvatnet fell år for år hos store matprodusentar som Nord-Kina, Arizona og California i USA, i Usbekistan, Kazakstan og tilmed i Israel, og matjord blir til motorvegar og industriutbygging.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent