Kallar partia inn på teppet
– Vi kjende behov for å informera politikarane betre, seier Tom Bratlie, informasjonssjef i Norske Skog til Klassekampen. Bratlie stadfestar at samtlege partileiararar er invitert på informasjonsmøte med konsernleiinga i Norske Skog i dag. Bakgrunnen er det enorme oppstyret som har oppstått kring leiinga sitt vedtak om å leggja ned papirfabrikken Union i Skien. Dei siste dagane har striden kring nedleggjinga vorten eit rikspolitisk spørsmål. No kappast politikarane om å koma til Skien for å diskutera med dei tilsette ved fabrikken. I dag kjem Ap-leiar Jens Stoltenberg på vitjing. I morgon kjem Frp-leiar Carl I. Hagen. Og onsdag kjem SV-leiar Kristin Halvorsen. Næringsminister Børge Brende seier til NRK at han vil bruke både gulrot og pisk for å hindre nedleggelse. Men han understreker at det er bedrifta sjølv som avgjer om drifta skal fortsette.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn