Stråth og Hitler
I Klassekampen for 26. juli prøver Bo Stråth på ny å snakke seg bort frå at han i same avis den 5. juli kom med ei, mildt talt, villeiande påminning om «Tyskland i 1933 och det faktum at Hitler demokratisk röstades til makten, vilket också var ett uttryck för folkviljan». Det eg har sagt til dette, er kort og godt at Hitler ikkje fikk fleirtal i noe val, men blei gitt makta av dei fremste representantane for dei herskande klassene i Tyskland, som i ei årrekke hadde hatt som strategisk mål å erstatte Weimar-republikken med eit diktatur, og ville bruke Hitler som ein rein reiskap til endeleg å oppnå dette og å knuse den faglege og politiske arbeidarrørsla.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent