Media har talt: Skuldig
1. juni omkom Rahila Iqbal i Nord-Pakistan. Faren, Azhar Iqbal, var heime i Oslo. Han sette seg straks på flyet. 8. juni vert han arrestert av pakistansk politi og putta i varetekt mistenkt for å ha medverka til dottera sin død. 11. juli kjem Kristin Halvorsen til Kharian i Nord-Pakistan. Under stor festivitas møter ho provinsministeren i Punjab, Pervez Ilahi, ein mektig mann. Halvorsen er oppteken av at nokon må straffast. Rahila er død. «Dette er ifølge politiet et æresdrap», forklarer Halvorsen. Akhtar Chaudhry, som organiserer valgkampturnéen til SV i Pakistan, er tilstade. «Dette er en del av den pakistanske kulturen som ingen av oss er stolte av». Då er det i orden då, Azhar Iqbal står bak eit drap, drapet på si eiga dotter. Provinsministeren forstår at dette må vere viktig. «Jeg vil personlig sørge for at det blir en ordentlig rettsak. De som har drept denne kvinnen, må få straff som fortjent.» No har Halvorsen rett nok fått litt dårleg samvit. For vel er faren til Rahila ein drapsmann som ho no har gjeve sitt bidrag til skal få si straff, men soningstilhøve i pakistanske fengsel er ikkje heilt bra.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn