Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lite verdig kandidat

Mange håpte at eit samarbeid om tsunamihjelp mellom Sri Lankas regjering og tamiltigrane (LTTE) kunne gjenopprette dialogen mellom partane og bidra til framgang i innsatsen for fred på øya. Men få dagar etter at ein avtale om felles koordinering av hjelpa frå det internasjonale samfunnets blei skriven under, er heile planen lagt på is etter at nasjonalistiske grupper klaga vedtaket inn for landets høgsterett. Samstundes held både tigrane og regjeringsstøtta grupper fram med å drepe politisk brysame motstandarar nesten dagleg. Trass i offisiell våpenkvile er fredsprosessen inne i si verste krise på over tre år. Midt i dette kaoset er det forhasta og verkar lite gjennomtenkt å lansere president Chandrika B. Kumaratunga som kandidat til Nobels fredspris, slik Torkel Brekke og Arild E. Ruud gjer i Dagbladet 2. juli.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?