Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva er ein nasjon?

«Kva slags ontologisk status, om nokon, har fenomenet nasjon?» Dette spørsmålet stiller Jon Hellesnes i Klassekampen 9. juli til Bo Stråth og underskrivne. Hellesnes gjev sjølv det nokså abstrakte svaret at «ein nasjon er ein intersubjektiv tilgjengeleg, sosial realitet, …» Dette er eg samd i, og skal berre konkretisere kort kva slags realitet det er, for meg.Nasjonen er eit folk som er noko anna enn ei tilfeldig, ustrukturert samling av individ, ved det at folket har eit sams nasjonalmedvit. Primært, og særleg ofte, går dette medvitet ut på ei førestilling om eit felles opphav (jfr. natio, fødsel). På eit gjeve tidspunkt i den historiske prosessen vil dette medvitet svare meir og mindre til ytre, observerbare realitetar som sams språk, tradisjonar, kultur i det heile. Og graden av sams politisk organisasjon er sterkt varierande. Når ein ser på nasjonar som den sveitsiske og den amerikanske (USA), ser ein at det essensielle er medvitet om ein fellesskap, ikkje kor nøye nasjonalmedvitet svarar til idealtypiske førestillingar om eitt språk, eitt opphav, etc.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen