Overstyring?
Utdanningsminister Kristin Clemet er i desse dagar i gang med å utnemna eksterne styrerepresentantar til universiteta og høgskulane i Noreg. Prosessen er særleg interessant fordi det dei siste åra har seila opp ein større politisk dragkamp om høgare utdanning mellom dei som ønskjer ein meir deregulert og marknadstilpassa universitetssektor og ein aukande skare av kritikarar av dei siste åra sine omfattande reformar. Eit viktig slag stod i vår, då reformkritikarane makta å hindra nokre av dei mest kontroversielle framlegga i ny Lov om universitet og høgskoler, og mellom anna fekk halda på retten til å ha demokratisk val av rektor.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn