Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Aps privatveg

Privatiserte riksvegar i Norge var lenge berre ein våt draum blant entreprenørar og finansfolk. Heilt til samferdselsminister Terje Moe Gustavsen 29. september 2000 la fram utkastet til Nasjonal Transportplan 2002-2011. Ap-regjeringa gjekk inn for at to vegprosjekt skulle byggjast gjennom OPS – Offentleg privat samarbeid. Det var godt kjend at OPS betyr at lånekostnadene blir høgare enn om staten finansierer utbyggjinga sjølv. Direktør Bjarne Jensen i Kommunekreditt forklarte i Klassekampen 19. juli at meirkostnadene for staten på desse to vegane blir minst 800 millionar. Ap foreslo altså å flytte fleire titals statsmillionar over i private lommer i kvart einaste år i OPS-perioden. Fordi berre private firma (bankar og andre) tener på ordninga, forstår eg godt at statssekretær Ellingsen (V) seier at han «har ikke tenkt å bruke dette i valkampen».Klassekampens intervju 20. juli med Ausdal Starrfelt som er på veg ut av Stortinget, stadfestar at det alltid har vori tause skeptikarar i Ap når Ap-regjeringane har tatt nyliberale steg mot høgre. Spørsmålet er om «far» til OPS-riksvegane, tidlegare statsminister Jens Stoltenberg, er villig til å skifte politisk kurs. Kan han garantere at det ikkje kjem eitt einaste ja til OPS frå den regjeringa han vil danne etter valet?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen