Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Reaksjonært krav?

Feminismen vert for tida utsett for angrep frå alle baugar og kantar. I Klassekampen får feminismekritikarar sentral plass med bilete og krigstyper nesten dagleg. Torsdag 14. juli er det Menneskerettsalliansen ved leiar Dag Øistein Endsjø som breier seg. Svenske Gudrun Schyman representerer eit rettighetsmessig backlash, det er reaksjonært å kreve eigen likestillingsminister, og «Vi må ta likestillingsbegrepet tilbake til å gjelde alle», skal Endsjø ha «tordna». Med begrepet likestilling er det vanleg å meine likestilling mellom kjønna. Så kven er det som skal «ha tilbake» likestillingsbegrepet? Endsjø har rett i at det er mange som vert utsette for diskriminering. Dette gjeld etniske minoritetar, funksjonshemma, seksuelle minoritetar og andre. Men kvinner er ikkje ein minoritet. Kvinner kan tilhøyre minoritetar eller majoriteten, og er diskriminerte som kvinner i tillegg til eventuelt andre diskrimineringsgrunnar. Det er skilnaden! Om Dag Endsjø er svart og homofil er han ikkje i tillegg diskriminert som mann, men ei svart og lesbisk kvinne vil i tillegg være diskriminert som kvinne. Kvinnediskrimineringa slår igjennom i alle grupper. Det finst ikkje samfunn, grupper eller nasjonar der kvinner ikkje er diskriminerte fordi dei er kvinner. Kvinner har mindre inntekt og mindre eigedom, men utfører meir arbeid enn menn i alle samfunn. Kvinner får til og med mindre mat dersom mat er eit knappheitsgode i samfunnet! I tillegg er kvinner utsette for menns vald. Menns vald mot kvinner er så omfattande at det ifølge ein studie frå Verdens Helseorganisasjon utgjer ein global helsetrussel på linje med hiv/aids og kreft! Det er kvinner som i hovedsak er utsette for trafficking fordi menn meiner dei har rett til å kjøpe seg tilgang til kvinners kroppar. Og fordi kvinner ikkje har råderett over eigen kropp og tilgang til trygge abortar, døyr 70.000 kvinner pr år i illegale abortar. Kvinneundertrykkinga er eit globalt problem, og gjeld også kvinner i Norge. Eller meiner Endsjø at Norge, som einaste land i verda, har oppheva kvinneundertrykkinga?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen