Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mao Zedong – slaktaren frå Shaoshan?

Mao – The Unknown StoryJung Chang/Jon HallidayJonathan Cape 2005«Mao – The Unknown Story» blir no marknadsført som den ukjente historia og den mørke baksida til Mao, slik ho har kome fram gjennom intervju med folk som stod Mao nær og gjennom til nå ukjente dokument. Essensen i denne «nye» historia, skriven av Jung Chang, forfattaren av bestseljaren «Ville svaner», og ektemannen hennar Jon Halliday, er føljande: Mao Zedong var ikkje driven av idealisme og ideologi, men av reint personlig maktbegjær som han fekk tilfredsstilt takka vere sitt nære forhold til Stalin; han inviterte japanarane til å okkupera delar av Kina; han dreiv med å forgifta folk, utpressing, henrettelsar og mord for å nå det hemmelige målet sitt om å dominera heile verda; han var ansvarlig for at 70 millionar menneske blei drept i fredstid, han var ein tyrann og kvinnemisbrukar. Mao utpinte bøndene, prosjektet hans var ein konspirasjon mot folket. Forfattarane hevdar at det var Mao som ga den tyske statssjefen Walter Ulbricht ideen om å reisa Berlin-muren, i 1949, 12 år før muren blei ein realitet.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?