Full gass på Gossen
Ei lita, grønn og frodig øy på Vestlandskysten ber på ein aldri så liten draum: At ilandføringa av gassen frå Ormen Lange fører Aukra kommune utafor Molde inn i sjølvaste gullalderen. Øya Gossen utgjer det meste av Aukra kommune. Her er framleis noko jordbruk, skipsverft og industri. Ver og vind gjer at anleggsarbeidarane også i slutten av juni kan bli nøydde til å bruka varmedress utanpå sommararbeidskleda. På anlegget som skal ta imot gassen frå Ormen Lange-feltet er det førebels berre 700-800 arbeidarar. Men i løpet av hausten skal brakkehotellet utvidast, slik at det kan husa nærare 2500 moderne rallarar, nøyaktig like mange som det er faste innbyggjarar på Gossen. Når anleggsperioden er over om vel to år, er det ikkje venta meir enn 70-80 faste arbeidsplassar på anlegget. Om det blir Aukra-folk eller andre som får dei faste jobbane, veit ingen. Anlegget blir bygd for å ta imot gassen frå havet før den skal gå vidare i røyr til Easington i England. Området dekkjer 900 dekar. I alt er ein tidel av øya sett av til industriføremål.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent