Du kan bla til neste sideBla med piltastene

No får det vere nok!

»Kommentar» kallar Peter M Johansen (PMJ) sin stort oppslåtte artikkel om pave Benedikt 16. og den evt. saliggkåringa av gamlepaven, Johannes Paul 2 i Klassekampen 30. juni. For denne lesaren fortener artikkelen heller vignetten «oppkast» enn «kommentar». PMJ tømer (igjen) tarmsystemet sitt for antikatolsk gørr og byr oss ein heil dunge med utrulege påstandar: Pave Benedikt skal vere kald og intrigant, og han skal ha førebudd valet av seg sjølv med sluskap, list og lempe. Han har fordømt The Beatles (!) og kravd at EU skal vere «tufta» på Gud og kristendomen. Han har også prøvd å dekke over sexskandalane i USA og Irland og til slutt gått til frontalangrep på kristen ekumenikk – samt hevda at hans kyrkje er «den eneste kristne kirke på jorden». Kva skal ein gjere for å svare på ei slik smørje? PMJ kunne like godt skrive med målarkost som med penn eller PC. Hadde det endå dreia seg om ein personleg spalte der alle kunne vite at han dreiv med litt harsk humor, kunne det kanskje vere forståeleg. Men her vert stoffet presentert som representativ og objektiv reportasje. Paven har kanskje ytra seg kritisk om visse sider ved moderne populærmusikk. Kva så? Det har vel også andre gjort? Han har ynskt at EU skulle kunne ha ein religiøs referanse som svarar til kontinentet si faktiske kulturelle historie i staden for ei ideologisk motivert marginalisering av religionen. Gud bør i det minste kunne nemnast, og folk må kunne tåle å sjå Gud på trykk i ein politisk tekst. Det bør vel kunne diskuterast? Og når det gjeld sex-skandalane, er det ikkje minst Vatikanet, takka vere at «sentralmakta» kan gripe inn også i USA, som har hindra neddyssing og neddemping. I ekumenikken har han fasthalde den katolske kyrkja si tradisjonelle sjølvforståing som noko meir enn eitt av mange kristne trussamfunn, utan at desse dermed vert fråtekne kristennamnet og sine åndelege verdiar. Ikkje minst overfor dei ortodokse og orientalske kyrkjene har han understreka deira karakter av å vere autentiske kyrkjer og lagt stor vekt på å finne tilbake til den djupe einskapen mellom desse kyrkjene og den romersk-katolske kyrkja. Det er heller ikkje noko nytt med pave Benedikt at kristendomen og Kristus forstår seg sjølv som meir enn ein av mange like gode vegar til frelse. Noko som ikkje forhindrar at alle oppriktige menneske av god vilje skulle kunne finne vegen til Gud. Pave Bendedikt har her ikkje sagt og skrive noko anna enn det som kan lesast i dokumenta frå Det andre Vatikankonsilet. Men i norsk religionsjournalistikk stiller ein ikkje krav om at skribentane skal ha sett seg inn i vanskelege dokument eller på anna vis ha skaffa seg seriøs innsikt på det område dei skriv om. Her er det nok å spele på antireligiøse og antikatolske fordomar og skrekkhaldningar, i trygg visse om at applausen vil bryte ut. Til skilnad frå media i andre land, der kyrkjeleg og religiøst stoff både får ein breiare plass og, ikkje minst, er mindre fordomsfullt og meir informert – sjølv når ein drøftar tinga frå ein kritisk vinkel. For å belegge sine påstandar, siterer PMJ ein del såkalla «progressive» katolske instansar i hytt og pine, utan å drøfte om desse er representative for det som i dag rører seg i den universelle kyrkja. Snart skal minst ein million unge katolikkar frå heile verda samle seg til Verdsungdomsdagen i Køln og dei fleste av dei har nok ei heilt anna haldning til både den nye og den gamle paven. Men PMJ vil vel ha oss til å tru at både desse og massen av menneske som samla seg i Roma for å ta farvel med Johannes Paul og for å ynskje Bendikt velkomen, var hanka inn av Opus Dei? Og det enormt sterke grasrotkravet om å saligkåre Johannes Paul er vel også berre eit resultat av det listige samarbeidet mellom nemnde Opus og Vatikanet? Fordi det høver best med PMJ sitt konspiratoriske verdsbilete?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen