Elske i Europa
I den tida då Reiulf Steen var leiar for «Europabevegelsen», argumenterte han sterkt for at Noreg også burde bli medlem av EU. Det argumentet hans som eg hugsar best - eg veit ikkje om det var det viktigaste - var at han ville «elske, danse og synge i Europa». Eg vart aldri heilt overtydd av dette. For min del har eg aldri hatt særleg songstemme; dansekunstane er moderate, og eg kan heller ikkje skryta på meg nemneverdig drag på damene. Men også ein nei-mann har reist ein del i Europa. Og eg har aldri tidlegare merka - diverre - at det gjorde særleg skilnad på nokon av desse aktivitetane, om ein var på den eine eller andre sida av EU-grensa? - Eg lyt medgje at eg hadde ein kollega, på min eigen 70-årsalder, som vitna at han hadde «aldri elsket så godt som ved Comosjøen». Men det spørst vel om han vart så sprek av dén grunn at Comosjøen ligg innanfor EU. Og som nordmann elska han i alle fall som ikkje-medlem.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn