«Det kan ikkje vere tvil om anna enn at den rørsla (= ml-rørsla) óg påverka Fløgstad. Romanane hans frå den tida liknar til forveksling sentrale romanar skrive av ml-forfattarar». (KK 10. juni, min parentes)Det er forlagssjef i Pax Bjørn Smith-Simonsen som gir oss denne litteraturhistoriske innføringa i forholdet mellom Kjartan Fløgstad og den norske maoismen på 70-talet. Belegget for påstanden hentar han frå professor Fancis Sejersted i verket om Sosialdemokratiets tidsalder på Pax forlag, der Fløgstad i ein parentes blir slått i hartkorn med nemnde rørsle. Med andre ord: Kjartan Fløgstad kan beint fram forvekslast med Dag Solstad, som kan forvekslast med Tor Obrestad. Men sistnemnde vart jo kjent for å skrive streikeromanen «Streik, Sauda, streik!», som Fløgstad, med sin bakgrunn nettopp frå industrisamfunnet i Sauda, umulig kunne ha skrive. Og berre kunnskapsløyse på høgaste kulturelle nivå kan forveksle den litterære erkjenningsforma i «25. septemberplassen» med den burleske forteljinga om Rasmus Høysand i «Dalen Portland». I fjor vart to framståande historikarar, Hans Frederik Dahl og Lars Roar Langslet, avslørt (av nemnde Fløgstad) for kreativ bruk av historiske kjelder for å få det til at målrørsla skulle ha hatt eit særskilt intimt forhold til nazismen. Slik ville dei, som historiserande subjekt med ein sams kulturell bakgrunn, stadfeste sine eigen kulturelle horisont med viktige, konstituerande fordomar om nynorsken på plass: Subjektet (historikarane) finn seg sjølv heime i sitt objekt (kulturstriden mellom riksmål og nynorsk) på ein positiv, oppbyggeleg måte for dei sjølve. Subjektet sameiner seg med sitt objekt. Kort sagt: Ein demonstrasjon av det sanningsomgrepet som hegelianaren Jørgen Sandemose rehabiliterer i pamfletten Biografi og metode.