Som svar på kritikken min av konklusjonen i leiarartikkelen 31. mai skriv Bjørgulv Braanen 8. juni: «I en lederkommentar etter nei-resultatet i Frankrike skrev jeg at ambisjonene for Europa, i stedet for dagens byråkratkapitalistiske mastodont, bør være et løst multikulturelt og multinasjonalt fellesskap der alle medlemsstatene får beholde sine økonomiske, kulturelle og nasjonale særtrekk, samtidig som man arbeider for overnasjonalt samarbeid.»Eg er ikkje usamd i dette. Det eg kritiserte var vyene som Braanen trekte opp på leiarplass 31. mai, og som eg syntest gjekk på tvers av inspirerande reportasjar Klassekampen har hatt frå Frankrike. I leiaren skreiv han nemleg om «EU-prosjektets ambisjoner» og om «reforhandling av EU-traktaten». Eg meiner at det var og er noko heilt anna enn dei ålreite «ambisjonene for Europa» som han la fram 8. juni. Europa var og er noko langt meire enn «EU-prosjektet», og det er vi vel sannsynlegvis samde om.