Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gaaden Hulda Garborg

Hulda Garborg, født Bergersen, (1862-1934) var yngste dotter til Christian Fredrik og Marie Petrine Bergersen i Stange på Hedmark. Faren var ein framgangsrik sakførar og storbonde, men på den tid Hulda blei fødd, var det begynt å nedover med han, på fleire måtar. Foreldra hennar skilde seg og syskjenflokken blei splitta. Hulda fekk vere hos mora, og dei budde på Hamar til ho var 13 år. Då flytta dei til Kristiania der fru Bergersen levde av å ta i mot saum. Fattigdommen gjorde at Hulda fekk berre grunnskole, men på Hamar hadde ho hatt friplass på ein nystarta jenteskole som var bygd på tankane til Rousseau og Grundtvig, og som ho alltid tenkte tilbake på med glede. Som ungjente arbeidde ho i sju år som ekspeditrise hos firmet Dobloug i Kristiania. Dobloug-familien tok seg av henne, nærmast som eit familiemedlem, og det var truleg her ho fekk inspirasjon til å engasjere seg i samfunnslivet. Ho kom med i Christiania Arbeidersamfunn som var møtestaden til venstrefløyen i venstrepolitikken på 1880-talet. Her diskuterte dei politikk og litteratur, og dei hotte forfattarane var Wergeland, Bjørnson, Turgenjev og Dostojevski. Ho orienterer seg også i retning av den nasjonale rørsla, og lærer seg nynorsk, men hovedspråket hennar som forfattar var alltid dansk. Etter kvart kjem Arne Garborg inn i bildet. Han var då i ferd med å skaffe seg eit internasjonalt namn, og introduserer mellom anna anarkismen i den norske samfunnsdebatten. Og det var noe for Hulda! Sjøl som moden kvinne kunne ho bli oppfatta som «hoste radikal», som venen Steinar Schjøtt skal ha uttrykt det ein gong. I 1987 blir ho og Arne Garborg gift. Ekteskapet, som vi får eit visst innblikk i gjennom dagbøkene hennar, var prega av stort interessefellesskap og ditto gjensidig respekt. Hulda Garborg debuterte i 1892 med romanen «Et frit Forhold» (nyutgjeving i 1993). Boka viser straks noen av dei sterkaste sidene hennar som forfattar: overraskande vinkling og frimodig menneskeskildring. Hulda Garborg (1862-1934) er eitt av våre nasjonale ikon. Vi kjenner henne vel helst som renessansemenneske, det vil seie som mor for oppattlivinga av «det norske» i nasjonens liv. Ho var primus motor for, og delvis gründer av, eit omfattande folkeopplysningsprosjekt frå 1890-talet og framover mot første verdskrigen; det dreia seg om klær (folkedrakter og bunader), mat, hygiene, oppseding, språk, folkedikting, folkedans, og ikkje minst: teater. Ho var den første styreformannen for Det norske teatret då det blei skipa i 1913, og hadde då i fleire år turnert over heile landet med Det norske spellaget og skaffa startkapital til teatret. Samtidig er det ved eit høve som dette, primo juni 2005, naturleg å minne om fleire sider ved verksemda hennar, og som har blitt liggande noe i skuggen av det ho er mest kjend for. Eg vil tru det er heller få i dag som er klår over at Hulda Garborg publiserte over førti bøker (originaltitlar!), at det skjønnlitterære forfattarskapet omfattar poesi, romanar, dramatikk og essay/populærvitskap, at fleire av bøkene hennar kom ut i mange opplag (opp til ti!), at ho var ein nyskapar innan dramagenren og er den mest produktive og oftast oppførde kvinnelege dramatikaren Norge har hatt, heilt til nyleg, at ho var eit kunstnerisk multitalent som i tillegg til det å skrive var skodespelar, teaterinstruktør og dansar, pluss at ho hadde interesse for biletkunst og var nær ven med mellom anna Harriet Backer. At ho var ein etterspurd foredragshaldar, at ho var språkmektig og verksam som omsetjar, at ho reiste mye og periodevis var busett i utlandet, at ho var aktiv som journalist og samfunnsdebattant (ho var den første i Norge som skreiv ope om lagnaden til indianarane) at ho var ein framståande litteraturkritikar, og den første kvinna som blei vald inn i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening, og så vidare.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?