Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Valfri og dum

To gang har dei brukt same retorikken, gallionsfigurane frå ytre og ytste høgre. Erna Solberg sa at om noen år kom vi til å le like hjarteleg av mangelen på valfridom i eldreomsorgen som vi no gjer av kringkastingsmonopolet. Siv Jensen nytta same eksemplet i ein skoledebatt. Kanskje var det Solberg begge gangane. Retorikken blir ikkje likare av det. Dei skulle slutte å bruke eit bilde som anten avslører kor dumme dei er, eller så avslører det kor dumme dei trur veljarane er. For retorikken er tvilsam. For det første: Er det så visst at opphevinga av kringkastingsmonopolet har vore eit så stort framsteg? Fekk ikkje folket sin dose av sport og amerikanske såpeseriar og middels gode hollywoodfilmar også i triste, gamle dagar? Er det så sikkert at tevlinga frå TV2 har gjort Dagsrevyen betre? Og går det ikkje an å argumentere for at når norske skoleelevar tydelegvis blir mindre og mindre flinke, så heng det kanskje litt saman med at dei ikkje har tid til å gjere lekser lenger. For alle har jo minst fire kanalar med kvar sin amerikanske såpeserie å følgje på tv-n på rommet sitt! Dei veit alt om alle i desse seriane, men kan mindre og mindre trigonometri. Dessutan må dei jobbe for å få råd til å kjøpe alt fjernsynsreklamen fortel at dei må ha for å vere lukkelege. Dersom Siv Jensen og Erna Solberg ønsker ei eldreomsorg og eit skoletilbud like overfladisk og fordummande som ein gjennomsnitts ettermiddag og kveld er på kommersielt tv, må dei sjølvsagt gjerne få ønske det. Men det er dumt å seie det. For det andre: Vi veit at alle program i kommersielle kanalar berre har eitt einaste føremål: Å selje sjåarar til reklamen. (Og det mest positive trekket ved laussleppet i eteren har vore at ein del av dei kronene vi forbrukarar indirekte betaler til reklamen, går til norske reklameprodusentar.) Vi kan lett sjå for oss den individuelt valde intimhygienikaren som i 2040 kjem heim til den pensjonerte høgrepolitikaren Erna for å tørke opp etter dobesøket. Kjempeeffektiv med kluten, og med eit skinnande utval av reklame den gamle kroken kan hygge seg med til neste bleieskift fra den sjølvvalde og privatiserte bleieskiftaren. Da blir privat eldreomsorg riktig lønsam! Men stopp! Det er jo venstresida som påstår at privatisering i helse og skole har profitt som motiv! No seier sanneleg Erna Solberg det same!