LO utfordrar regjeringa til å ta i bruk etiske retningsliner når det gjeld korleis milliardane i oljefondet skal investerast. Til no har det vore reist kritikk mot at oljefondet har investert i det amerikanske Unocal og det franske oljeselskapet Total. No dokumenterer LO at av dei vel 3000 selskapa oljefondet er investert i, er det heile 85 selskap som har verksemd i Burma, og som står på svartelista til den internasjonale fagrørsla, FFI. To av desse, Total og det britiske farmasøytiske selskapet GlaxoSmithKline, er blant dei ti største investeringane. Det norske oljefondet har kjøpt seg inn i kvart femte selskap på FFI si svarteliste, marknadsverdien av desse Burma-vennlege selskapa er rekna til å vera om lag 28 milliardar kroner. At det dagleg går føre seg alvorlege menneskerettsbrott i Burma, skulle vera vel kjend. Tusenvis av kvinner og menn, barn og eldre, blir tvinga til å arbeida mot sin vilje. Den som nektar, risikerer å bli arrestert, torturert, valdteken eller drepen. Men det har ikkje vore like godt kjent at norske styremakter har brukt dei norske skattebetalarane sine oljeinntekter på å investera i ei rekkje selskap som har etablert seg i Burma. Statsminister Kjell Magne Bondevik har ved fleire høve komme med oppmodingar om å boikotta handel med varer frå Burma, utan at det har fått noko vesentleg resultat. For eit par månader sia vart det kjent at importen av regnskog frå Burma har auka kraftig det siste året. Det skulle visa at det må meir enn milde oppmodingar til for at det skal monna. No har statsministeren og regjeringa sjansen til å visa at dei meiner alvor. Å investera i andre menneskes sveitte for å henta ut profitt burde i seg sjølv vera eit etisk dilemma. Men å handheva visse etiske reglar for kva slag verksemder ein investerer i, burde ikkje vera vanskeleg. Skal det vera burmesiske barns tvangsarbeid som skal finansiera norske pensjonar i framtida? Spørsmålet er om det finst mot og vilje til å setja etikken om i praktisk handling.