Han stod imot alle
Han stod imot lesarane, annonsørane, kongehuset, sosialdemokratiet, nazismen og Tyskland, men hadde han makta å stå imot ein moderne norsk redaksjonsklubb? spurde kulturredaktør i Stavanger Aftenblad, Svein Egil Omdal. Pressevaktaren Per Edgar Kokkvold, på si side, meinte at han var det 20. hundreårets største redaktør, og då snakka Kokkvold i global samanheng. På Voksenåsen i Oslo, det norske folks gåve til Sverige etter krigen, vart det tysdag og onsdag denne veka halde seminar til minne om at det i 2005 er 60 år sidan redaktøren i Göteborgs Handels- och Sjöfarts-Tidning, Torgny Segerstedt, døde. Innleiingsføredraget heldt Pär-Arne Jigenius, mangeårig svensk pressombodsmann og tidlegare redaktør i Göteborg-Posten, tittelen var «En lysende fackla under en mörk tid. Torgny Segerstedt – människan, vetenskapsmannen, publicisten.» Og med det var tonen sett. Det var ein av dei største vi var samla for å ære. Og sjølvsagt best av alt: Ein klassisk Noregsven.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn