Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gi folk eit reellt val

Nestleiar Arve Waage i Bokmålsforbundet held fram korstoget sitt mot nynorsken i ein ny kronikk i Klassekampen 4. april med tittelen «Under falskt flagg», som eit svar til tidlegare mållagsleiar Endre Brunstad. I Waage sitt siste innlegg blir det sett fram ein del meir eller mindre fantastiske påstandar for å bygga opp under konklusjonen, nemleg at nynorsken er eit kunstig språk som er pådytta det norske folket, i motsetning til bokmål, som er «folkets språk». Waage skriv blant anna at i motsetning til Noregs Mållag støttar Bokmålsforbundet jamstellingsvedtaket av 1885 der nynorsk blir sidestilt med bokmål. Her er det tydelegvis to ulike oppfatningar av kva ordet «likestilling». Målrørsla vil at folk skal ha eit reellt val mellom nynorsk og bokmål, noko dei enno ikkje har, 120 år etter. For Waage betyr det at nynorsken skal få lov til å eksistera som eit undertrykt minoritetsspråk. Ja, skal me tru «advokat» Waage er ikkje nynorsk eingong eit språk, men berre ein «skriftvariant av samme språk». I tillegg påstår Waage at nynorsk «ikke er et levende språk i den forstand at det tales av en del av befolkningen» Ein ganske fantastisk påstand når nøytrale språkforskarar har påvist at 60 prosent av det norske folket har eit talemål som ligg nœrare nynorsk enn bokmål!

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen