Alltid freidig
La oss ta det kontrafaktisk, som det heiter: På 60-talet gav forlaget Pax ut eit temanummer av tidsskriftet Kontrast om fascismen i Noreg i mellomkrigstida. Den unge lovande forlagsmannen Hans Fredrik Dahl var ansvarleg for nummeret, og hadde tinga inn artiklar frå folk som skulle ha greie på emnet. Det kontrafaktiske spørsmålet er: Korleis ville det norske samfunnet ha sett ut i dag dersom alle desse bidragsytarane hadde levert sine artiklar til avtalt tid? Korleis ville norsk kulturdebatt dei siste 40 åra ha vore då?For det som faktisk hendte var at ein av artiklane aldri kom. Og forlagsmannen Hans Fredrik Dahl som på den tida hadde tenkt å ta ein magistergrad i litteraturvitskap, måtte sjølv setje seg ned og skrive artikkelen. Dermed oppdaga Dahl fascismen i Noreg som forskingsfelt. Og resten er historie.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn