Mellom gata og salongen
Eg er overraska. Torsdag 17. mars var det markeringar og demonstrasjonar over heile landet mot pensjonsreformen, endringar i arbeidsmiljølova og mot sosial dumping på arbeidsmarknaden. Og som det har komme fram gjennom lang tid, var desse markeringane ledd i fagrørslas langsiktige plan for samfunnsendring – reversering av den nyliberalistiske vinden i Norge. Kvar for seg er dei sakene eg nemnte over, slike som Klassekampen har vore svært ivrig med å omtala med sterk støtte til fagrørslas syn og med front mot den nåverande regjeringa. Det har også vore sterk skriftleg støtte til dei arrangementa som var planlagte for dagen. Men – det utrulege var at dette ikkje kom fram redaksjonelt eller på forsida den dagen det heile gjekk føre seg. Det naturlege ville vore å smøra saka ut over heile forsida samstundes som ein mobiliserte gratisutdeling alle stader der fagrørsla markerte. Sjansen gjekk frå oss. Og det betyr at avisa gjekk glipp av sjansen til å visa for dei mange tusen som var aktive 17. mars at ho er til å stola på og er villig til å stilla opp for å mobilisera for viktige politiske saker. Eg vonar dette var ein gedigen feilvurdering av redaksjonen og at det ikkje vil skje igjen.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn