Imperialisme, fascisme og kommunisme er sentrale liner i Eric Hobsbawm sitt liv, så vel som i bøkene hans. Sjølv har historikaren kalla århundret han har gjennomlevd for «ekstremismens tidsalder».Han er fødd inn i ein jødisk middelklasseheim i 1917, året bolsjevikane gjennomførte oktoberrevolusjonen. Fødestaden var Alexandria, Egypt, men barndomen vart tilbrakt i Wien og Berlin, før familien flytta til London i 1933. I Berlin las Eric «Det kommunistiske manifestet», i tillegg til aviser som annonserte Hitler og det tredje riket si koma. «Ingen, som med eigne augo såg korleis Hitler kom til makta, kunne unngå å bli prega politisk av det,» har Hobsbawm uttalt i ettertid. I 1936, same året som den spanske borgarkrigen braut ut, sluttførde Hobsbawm historikarutdanninga si og meldte seg inn i det britiske kommunistpartiet. Der skulle han bli verande heilt til 1956, då Sovjetunionen gjekk til åtak på Ungarn etter den nasjonale oppstanden mot Warszawa-pakta. Hobsbawm meldte då overgang til dei italienske kommunistane, som søkte ei meir sjølvstendig line i høve til Sovjetunionen. På 1980-talet arbeidde Hobsbawm med tidsskriftet Marxism Today, og støtta seinare partileiar Neil Kinnock si «modernisering» av Labour.