Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kielland i metafysisk lys

Kielland som melodramatikarJan Inge Sørbø 160 siderGyldendal 2005 Den produktive litteraten Jan Inge Sørbø – mellom anna kjend for ei bok om Skjervheim – har gitt ut ein litteraturstudie som ikkje handlar om verken Ibsen eller Hamsun. Kryss i taket. Den er komen ut i Gyldendals Pegasus-serie, som består av litteraturvitskaplege publikasjonar, ofte samankrympa og barberte doktoravhandlingar. Sørbøs arbeid dreiar seg om Kielland som melodramatikar, men heldigvis opererer han som tekstlesar relativt fritt i forhold til den litt spesielle innfallsvinkelen. Det er blitt ei både lesarvennleg og inspirerande bok, med eit sympatisk format og skrive i ein kjapp, effektiv og folkeleg nynorsk. Ekte kunnskap er som kjent inga tung bør, og Sørbø er ein ypparleg formidlar, og nok ein gong blir vi minte om kor levande Kiellands prosa framleis er.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen