Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ingenting vert for lite

Per Egil Hegges styrke har lege i humoren og idiosynkrasiane. Han har vore utrøyteleg i sin vreide over AKP-arar, akademikarar og lækjarar. Men neste månad går Hegge av som redaktør i Aftenposten, og med det forsvinn den siste markante og verkelege kontroversielle kommentatoren i norsk rikspresse. I staden for Hegge har Aftenposten tilsett Knut Olav Åmås. Samtiden-redaktøren kan det seiast mykje positivt om, men har ikkje akkurat si styrke i humoren og den lette pennen. Derimot representere han det alle dei store riksavisene no vil ha, den unge, individualistiske vellykka iscenesettaren. Dei snakkande klassene får stadig sterkare representasjon i både Aftenposten og Dagbladet, våre to fremste meiningsberande organ – her burde kanskje fremste stå i hermeteikn. Og med det framstår desse avisene som meir keisame enn nokon gong. Det siste tiåret har etter mitt syn gjeve oss tre tydelege alternative kommentatorrøyster, Mari Lending med sin konsekvente elitisme, Nils Rune Langeland med sin konsekvente vestlandspopulisme og Morten Strøksnes med sin konsekvente futurisme. Alle desse tre har det til felles at dei er vortne skvisa ut av spaltene. Lending måtte gå frå Aftenposten, Strøksnes frå Morgenbladet og Langeland vart heven ut av Dagbladet. Slikt noko vil ikkje den stadig meir konforme norske pressa ha. At Strøksnes som vel reknast som Noregs fremste journalist, ikkje har fått eit einaste tilbod frå dei store norske avisene etter at han slutta i Morgenbladet, seier mykje om stoda. Eg trur ikkje denne konformismen, denne utydeleggjering av ideologisk profil, er ein klok strategi. Grunnfjellet av lesarane vert skremt bort. Styrka til Dagbladet har alltid vore dei gode kommentatorane. No er det svært langt mellom drammane. Side to er i det alt vesentlege via føleri og lett stoff. Gudleiv Forr og Sissel Benneche Osvold skal òg snart gå av med pensjon. Dagbladet har ikkje dyrka fram nokon etterfylgjarar. I dagens spalter er det ingen som skriv med det viddet og den humoren Arve Solstad og H. C. Hanssen synte. No er opplaget i fritt fall, og svaret frå Thor Gjermund Eriksen er endå meir banalisering, endå færre motstraumsrøyster, endå fleire som skriv kor fæle vi nordmenn er og kor mykje vondt vi gjer «dei andre.» Før Arve Solstad byrja omlegginga av avisa, hadde Dagbladet ei fast kjernegruppe av kjøparar. Dette var den liberale by- og bygdeeliten. Desse har fylgt Dagbladet heilt fram til dei siste åra. No tyder mykje på at denne gruppa er i ferd med å gå lei. Eg møter stadig fleire som fortel at dei har slutta å kjøpe avisa. Å kutte Dagbladet er visst ein like stor stiger som å kutte røyken.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen