Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Makt og kjenslor

Eg vil takka May Grethe Lerum frå hjarta for kommentaren laurdag 5. mars om korleis vi stiller oss til problematikken ikring abort. Sjeldan har eg følt så sterkt at nokon har uttrykt mine eigne tankar, meiningar og moralske utsyn på ein så god måte. Var det nokon som gjekk glipp av teksten, så løp og lån! Tida er overmogen for å diskutera korleis fylgjone av gjeldande abortpraksis og manglande innsats frå fellesskapen rammar born, forelder og samfunnet. Forsteina delar av kvinnerørsla har som hovudstrategi å avvisa alt ordskifte om abortstoda og kva endringar og innsats som er mogleg i dag for å minska dette ondet, gjerne i kombinasjon med at dei klaprar med gamaltidas strikkepinnar. Om desse kreftene ikkje har anna svar på Lerums og mange andres utfordring, er det ei stor skam! Spørsmålet om korleis vi møter born som har vorte unnfanga utanom planen kan aldri få som fasit at vi skal prøva å redusera vaksne menneske til maskiner som ikkje føler noko og ikkje er i stand til å oppfatta problemet, slik det er prøvd av «ja til makt, nei til ansvar og vonde kjenslor»-fraksjonen. Set dei til sides; dei er slett ikkje så mange som det ser ut til!

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen