– Arrogant av Solberg
Som Klassekampen skreiv fredag, har kommunalminister Erna Solberg gitt eit avvisande svar på eit spørsmål om å ta imot kurdiske flyktningar som lever i ingenmannsland mellom Jordan og Irak. Bakgrunnen for spørsmålet er at FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i fjor tok opp spørsmålet om flyktningar frå dette området som har familie i Noreg, kunne komma til Noreg. UNHCR i Stockholm opplyser at i november-desember i 2004 kom 387 flyktningar frå dette området til Sverige. Enno var om lag 500 att av dei flyktningane UNHCR prøver å få busett, og USA, Australia og dei skandinaviske landa er dei landa UNHCR spesielt har vendt seg til.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn