Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Etnosentrisk feminisme

I morgon skal vi markera den internasjonale kvinnedagen. Ein vanleg påstand denne dagen vil også i år vera at «ja, her i Noreg har likestillinga heldigvis kome langt, men vi må hugsa at det ute i verda ikkje ser like bra ut». Sjølvsagt er det sant at kvinners situasjon er bra i vår del av verda, samanlikna med andre verdsdelar og med hundre år tilbake i tid. Kvinner flest skaffar seg eiga inntekt, har ei viss sikring i velferdsstaten sine ordningar og har stor grad av råderett over sin eigen kropp. Lista kunne vore gjort lengre. Spørsmålet er kva vi kan bruka denne kunnskapen til. Dessverre ser det ut til at mange helst vil trekka to konklusjonar: For det første at likestillinga i Noreg har kome så langt at det er lite igjen å kjempa for. Den eigentlege grunnen til at vi framleis markerer 8. mars er tanken på våre stakkars medsøstrer der ute, som jo ikkje har det så greitt som oss. For det andre at kamp for kvinners rettar er eit utprega vestleg fenomen, at feminismens frigjerande idé er ein vestleg idé. Dei der ute må læra av oss. Å vera feminist har blitt ein del av det å vera eit moderne menneske. For ikkje så lenge sidan kunngjorde denne avisa at fleirtalet av stortingsrepresentantane kalla seg sjølv feminist, og det er jo vel og bra. Dersom dette innebar at våre folkevalde erkjente at det finst ei kjønnsmaktsordning, der kvinner som gruppe systematisk blir underordna menn sosialt, økonomisk og politisk, hadde det vore eit langt steg framover. Dessverre går mistanken min i retning av at mange av desse sjølverklærte feministane i hovudsak er nøgd med situasjonen, og at støtta til feminismen betyr ei støtte til det samfunnssystemet vi har i dag. Dette høge sivilisasjonsnivået vårt bør dessutan eksporterast til resten av verda. I og med at det står dårleg til med kvinner sine rettar i den ikkje-vestlege verda, kan det også bli nødvendig å bruka makt for å ordna opp. Human Rights Service får statsstøtte for å driva propaganda for ein strengare asyl- og integreringspolitikk i feminismens namn, medan den norske staten deltar i den feministiske bombinga av Afghanistan og i den demokratiserande og kvinnefrigjerande okkupasjonen av Irak. Jo hardare maktbruk, jo meir dedikert er ein for menneskerettar og demokrati. Bare synd det ikkje fungerer. Fortel ein afghansk, indisk eller irakisk kvinneaktivist at likeverd, humanisme og feminisme er vestlege idear, og det vil vera ein provokasjon. Dei strevar kvar dag med dei øydeleggande verknadene det vestlege overherredømmet har for kvinner sin situasjon. Der lokalsamfunn blir råka av krig, eller det lokale jordbruket blir utkonkurrert av vestlege storselskap, får kvinnene ein tøffare jobb med å halda liv i familien, samtidig som tradisjonelle verdiar og fundamentalistisk religion styrkar seg. Der mennene mistar alt, er det i alle fall ein ting dei kan kontrollera – kvinnene sine. I Irak har sanksjonane og krigen gjort det sannsynleg at det sekulære landet, med ei høgt utdanna kvinneleg befolkning, i framtida blir styrt av konservative islamistar. Eg må innrømma at eg hadde blitt skeptisk dersom representantar for ei framand makt, overlegen både økonomisk og militært, fortalde at eg var undertrykt, men at dei skulle ordna opp for meg. Kan det ikkje tenkast at likeverd og demokratiske rettar til alle er universelle idear, men at kampen fram mot målet må ta utgangspunkt i lokale erfaringar og føresetnader? Mitt ønske for 8. mars i år er at vi kvittar oss med den etnosentriske forståinga av kvinnekampen. På den eine sida hindrar det oss i å sjå at for millionar av verdas kvinner er vestleg overherredømme eit tilbakesteg. På den andre sida hindrar det oss i å sjå at vi har ein lang veg å gå også her heime. Ingrid Fiskaa er styremedlem i Attac Noreg

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?