Togar mot pensjonsreform
Sjølv om det kan finnast dei som meiner 8. mars-toga har gått ut på dato, blir det også i år arrangert demonstrasjonstog på kvinnedagen, både i Tromsø, Bergen, Stavanger og Oslo. Og det ser ut til å vera stor semje om kva som er dei viktigaste kvinnekampsakene. Tromsø-kvinnene har valt «Vi vil være sjølstendige, uavhengige og frie – sammen er vi sterke!» som hovudparole, i Oslo er «Full barnehagedekning nå!» slagord for dagen. I Stavanger heiter det «Gratis barnehage og SFO til alle barn, fjern kontantstøtten», medan både Tromsø og Oslo har valt ein kort og kontant parole mot kontantstøtta: «Redd barna – vekk med kontantstøtten!»Stavanger seier «Pensjonsreformen – en hån mot kvinner!», Tromsø legg hovudvekta på å bevara besteårsregelen, og i Oslo heiter det «Ja til offentleg pensjon, nei til €-union!». I Bergen vil både kjønnsbasert forfølging og pensjonsreforma vera tema for appellar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn