De utvalgte
MUSIKK
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
Tilfeldigvis høyrde eg sosialantropologen Runar Døving på radioen for ei tid sia. Han snakka om å ete pølse. Sosialantropologar har det med å skilje mellom «reint» og «ureint», og Døving sitt poeng denne dagen var at pølse er «urein mat» bortsett frå på 17.mai. Da er pølse festmat. Av andre «ureine» ting nemnde Døving slaktehus og militærleir. Sånt gøymer vi vekk, sa han. Men i kva for liten by finn du både slaktehus og militærleir midt i byen? Jo, i Steinkjer! Og mens E6 går rundt alle andre byar og tettstader i Nord-Trøndelag, går E6 tvers gjennom Steinkjer. (No er militærleiren nedlagt. Til gjengjeld har vi fått Lidl.) Kva viser dette om steinkjerbygg? At vi er fullstendig utan sentimentalitet. Vi er realpolitikarar. Vi tåler å ha gørra midt i trynet. Senterpartiet har kontor midt i byen. Ser du ut av ordførarkontoret i Steinkjer, ser du rett over til Sp-kontoret. Det er ikkje tilfeldig. Sp har odel på ordførarstolen. Dei kjenner ikkje berre at dei har rett til å styre Steinkjer – eg trur pinadø dei trur dei har plikt til å styre – fordi dei eig så fordømt mye jord. Sp er like usentimentale som oss andre. Dei har gjort prinsippløysa til prinsipp og kallar det «løysingsorientering». Vi vil alltid søke makt, seier Sp i Steinkjer. Så den som vil regjere saman med Sp gjer lurt i å lytte til steinkjerbygg. Vi har mykje erfaring med Sp med makt og med Sp på jakt etter makt. Etter siste kommuneval sa Sp nei takk til å samarbeide med Ap og SV, og allierte seg i staden glatt med Frp, Høgre og Venstre. For der vart dei størst og fekk mest makt. Med til bildet høyrer det at Sp gjorde ein fenomenal valkamp, køyrde offensivt ut og framstod som ein radikal og truverdig motstandar av privatisering og konkurranseutsetting. Men det var før valet. Etter valet vart dei «løysingsorienterte». Så vi frå Steinkjer blir ikkje det minste forundra om følgjande skjer til hausten: Sp står fram som ein radikal og truverdig motstandar av høgredreiing og marknadsliberalisme og gjer ein fenomenal valkamp. På valdagen kjem dei til å tråle bygdene, samle saman stemmekveget, føyse dei til vallokala og kapre nok mandat til å kome på vippen. Og så blir dei «løysingsorienterte». Mitt gode råd til Hagen og Solberg er derfor: Ikkje avskriv Sp. Sp kan bli med på det meste, berre dei får styre landbrukspolitikken. Og mitt råd til Stoltenberg og Halvorsen: Snakk med noen frå Steinkjer før de går i forhandlingar med Sp! Robert Øfsti er lærer i vidaregåande skole
Allerede abonnent? Logg inn