Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rekneskap

Stadig blir vi mint om kor relativt det er, dette med kva som er «mykje» og «lite» pengar. Til dømes kan ein forsvarsminister forklara relativt store mankosummar med skifte av rekneskapssystem, og vi dødelege fattar knapt om det er millionar eller milliardar det dreier seg om. Ei enkel sjel kan undrast på kva som må til for at same forklaringa skal kunna brukast når det er minus på ein heilt vanleg, spinkel lønnskonto. Tenk om eg kunne ta sjansen på ein negativ saldo med meir enn to nullar, og så informera banken om at «dette er berre eit bokføringsspørsmål, eg skifta rekneskapssystem i fjor»? Eg tar det ikkje for gitt at banken ville godta ei slik forklaring, og ikkje trur eg det ville nytta å bytta bank, heller. Men kanskje er det eg som sit fast i vanetenking og manglande kreative evner?

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen