Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tynn argumentasjon mot kriminalisering

Regjeringa har bestemt at dei ikkje vil kriminalisere horekundar. Dette rådet fekk dei av ei arbeidsgruppe leda av Ulf Stridbeck. Gruppa skulle greie ut om erfaringar med rettsleg regulering av kjøp av seksuelle tenester i Sverige, der kjøp er kriminalisert, i Nederland, der prostitusjon er legalisert og erfaringar med forbod mot kjøp av seksuelle tenester frå jenter under 18 år. Nyleg har både landsstyret i SV og Arbeiderpartikvinnene gjort vedtak mot kriminalisering av kjøp. Argumentasjonen er stort sett den same enten den kjem frå Ulf Stridbeck, SV, regjeringa, Prosenteret eller Prostituertes interesseorganisasjon (PION). Stridbecks syn på prostitusjon og erfaringane frå Sverige gjer han greie for i ein kronikk i Aftenposten 5. januar. Der rår Stridbeck til å «ikke se til Sverige». Stridbeck kallar si forsking om den svenske lovgjevinga ei fullstendig evaluering. Men arbeidsgruppa delte seg i synet på erfaringane frå Sverige. Mindretalet, Berit Schei, konkluderte ulikt fleirtalet (to menn). Schei er lege og har forska på kvinners helse og på vald mot kvinner. Ho er her på parti med over 80 prosent av svenskane, og med storparten av norsk kvinnerørsle. Stridbeck hevdar at dersom ein ynskjer å betre tilhøva for gateprostituerte, er ikkje den svenske modellen vegen å gå. Men det er fleire grunnar til å kriminalisere horekundar. Sverige seier med si lovgjeving at prostitusjon er vald mot kvinner, eit resultat av manglande likestilling, og ei årsak til manglande likestilling. At tilhøva for gateprostituerte må betrast er vi samde i. Derfor oppfordrar vi både regjering og hjelpeapparat til å vere med på eit krafttak for å få alle kvinner ut av prostitusjon, slik at kvinnene, norske og utanlandske, kan tene pengar på arbeid, og ikkje på sal av kropp.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen