Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Essayet sin far

På den siste dagen i februar i 1533 vart den franske tenkjaren Michel de Montaigne fødd. Montaigne var utdanna jurist og arbeidde som dommar ved Parlamentet i Bordeaux – byen der han også ei tid fungerte som borgarmeister. I 1570 trakk han seg attende til slottet sitt i Périgord. Dette var medan religionskrigane herja Frankrike og Montaigne freista å leva eit isolert og sorgfritt liv – utan å la seg engasjera i dei harde religiøse og politiske stridene. Oppe i slottstårnet, der han hadde innreidd bibliotek, gav han seg i kast med grundige studiar av oldtidsfilosofar. Her vart også samlinga «Les Essais» til. I sine eigne tekstar held Montaigne dialogar med samtida så vel som med tekstane til dei han leste. Han nyttar ei rad opne og skjulte sitat. Han held i tillegg ein kontinuerleg samtale med seg sjølv. Han set si eiga dømmekraft på prøve, og meiner at ein ikkje kan nå sanninga ein gang for alle. «Les Essais» blir difor karakterisert som ei blanding av filosofiske meditasjonar, tekstkommentarar, memoarar og dagbøker.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?