Pensjonskommisjonens arbeid har heldige og uheldige sider. Når dei til dømes vil stramme inn AFP-ordninga, kan det neppe seiast å vere ei uavgrensa katastrofe. At lektorar, byråkratar eller slike som meg, journalistar – som vel har den minst krevjande jobben som tenkjast kan – truleg taper retten til å gå av med tilnærma full pensjon når dei er 62, trur eg dei fleste ser er god fordelingspolitikk. Det er likevel i fordelingsprofilen djevelskapen ligg. For ved å gjere folketrygda om til ei rein forsikringsordning – som tyder at det ein betaler inn, avgjer kva ein får ut – vil Stortinget skape ei rad problem. Og det største problemet er at fleirtalet vil gjere reproduksjon, som trygdesystemet er heilt avhenging av, endå mindre lønnsamt enn det er i dag. Pensjonskommisjonens innstilling er overføring av offentlege pensjonar frå kvinner til menn. På sikt vil dermed alle få svi. At kvinner har lægre inntekter enn menn og dermed vil betale inn mindre til folketrygda, har mange årsaker. Men hovudårsaka er og vert at kvinner får redusert evne til løna arbeid i den periode karrierelaupet vert lagt. Borna kjem i vegen. Her er naturen nådelaus. Særleg skadeleg for inntektspotensialet er det å få eit tredje born. Til og med kvinnelege lækjarar, syner lønsstatistikken, får ein dramatisk nedgang i løn dersom dei vel å få eit born nummer tre. Menns lønsutvikling er tvert om. Faktisk er fedrar med store barneflokkar lønnsvinnarar og dermed pensjonsvinnarar. Og når skilsmissa så kjem, sit kvinnene att med rekninga. Grunnen til at Jens Stoltenberg sette ned ein pensjonskommisjon, er nedgangen i barnetala. Norske kvinner får no berre 1,8 born i staden for dei naudsynte 2,1. Difor må pensjonane ned, går mantraet. Det vert for få arbeidarar bak kvar komande pensjonist. Men kvifor valde då pensjonskommisjonen å kome med ei innstilling som gjer det endå mindre lønsamt for kvinner å få born? Kor uheldig denne tankegangen er, kan illustrerast med eit døme frå mi eiga privatsfære, som igjen syner ei problematisk side ved den noverande pensjonsordninga. Mor mi valde å gifte seg med ein bonde og fekk fire born. Og som gardkjerringar flest hadde ho lite løna arbeid. Far min registrerte all inntekta på seg for å hamne i skatteklasse to, noko heile familien tente på der og då. Mor mi er no enke og får utbetalt 7800 kroner i minstepensjon per månad. Om ho derimot hadde valt utdanning og eit barnelaust liv som lærar, som fleire av hennar venninner og systrer gjorde, ville ho no ha hatt ei pensjonsutbetaling på nærare 14.000 kroner. Samfunnsøkonomisk ville eit slikt val ha vore lite heldig. Dei fire borna hennar har så langt samla vore i fullt arbeid i 82 år. Og om alt går som det skal, har syskenflokken ennno 80 år att i arbeidslivet. Hadde mor mi valt eit barnelaust liv, ville det offentlege tapt over 160 år med skattbar inntekt. For denne reproduktive innsatsen får mor mi ingenting. Hennar barnelause venninner og systrer, derimot, får mange tusen ekstra i månaden. Pensjonskommisjon visste at det noverande pensjonssystemet gjev slike uheldige resultat, difor er det meir enn underleg at dei ikkje har lagt fram eit forslag som gjer at det løner seg for kvinner å få fleire born. Rett nok kan det seiast at barnefamiliar alt i dag får store overføringar frå storsamfunnet, men desse overføringa kompenserer på langt nær for nettokostnadane ved å få born. Norsk familieøkonomi har rekna ut at kvart born kostar foreldra over ein million kroner. I tillegg kjem dei auka bukostnadane borna påfører dei vaksne. Det vert ikkje mange born av slikt.