Å snu skuta?
Torsdag 10. februar, da Ap og Sp røysta saman med H og Frp for lønsnemnd mot heismontørane, las eg Arild Rønsens innlegg «Å snu skuta». Han skriv at «det jeg og folket husker av Folkvords innsats i Oslo bystyre og Stortinget er saker han kunne ha drevet som medlem av nær sagt hvilket som helst parti.» Eg veit ikkje kva Rønsen hugser, men eg ser at han uttalar seg på vegne av dei fleste. Likevel undervurderer han både det indre, sosiale presset i stortingsmiljøet og den breie stortingsenigheta som rår i dei verkeleg store sakene. Her er fem av erfaringane mine:For det første vart eg i dei fire åra eg var på Tinget, overraska kvar gong ein frustert representant frå eit anna parti tok kontakt og sa: «Eg har ei sak her. Du veit, det nytter ikkje for meg å gjere noko med ei sånn sak, men du står jo friare og kan kanskje sjå på det …»For det andre minst eg arbeidet i Spesialkomiteen som i 1994 laga mandatet til kommisjonen som skulle granske dei hemmelege tenestene. Ein frå kvart parti var med. Fleirtalet laga eit mandat som seier at Lundkommisjonen ikkje må avsløre noko som kan skade eit nært og fortrolig samarbeid med andre lands tenester, slike som CIA, Mossad og tyrkiske MIT. I komiteen prøvde ein erfaren representant å gjere meg til latter fordi RV sa nei til dette og i staden stod på at alle brot på norsk lov skulle avdekkast. Da eg og RV ikke bøygde av, spurde parlamentarisk leiar i SV om det ikkje gjekk an å stryke ordet «fortrolig». Mitt inntrykk var at ho syntest det kunne bli pinleg. Parlamentarisk nestleiar Tom Thoresen frå Ap, som sjeldan sa noko i Spesialkomiteen, tok da ordet og slo fast at «det er slik det skal være». Dermed bøygde dessverre SV av. Den daverande Ap-regjeringa dreiv gjennom forsvarsminister Jørgen Kosmo eit dobbeltspel for å hindre at general Hovland skulle bli med i Lund-kommisjonen. At RV fortalde folk om dette dobbeltspelet – m.a. gjennom TV2 – var ein av grunnane til at Kosmo mislyktest. For det tredje: Då skatteoppgjeret for 1993 kom, vart mange sjokkert fordi dei ikkje fekk tilbake skattepengane dei hadde til gode. Årsak: Eit samrøystes Storting hadde i 1991 vedtatt ei lov som ga kommunane rett til heilt summarisk å beslaglegge for mykje innbetalt skatt, dersom skattytaren året før hadde mottatt sosialhjelp. Protestane var forgjeves heilt til RV foreslo å oppheve denne paragrafen. Dette fekk fleirtal etter omfattande samarbeid med Jusshjelpa i Nord-Norge og mange andre. Utan RV hadde ikkje saka vorti reist på nytt.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn