Fryktar offera vert gløymd
Filosof Arne Johan Vetlesen har arbeidd i fleire år med vondskap som filosofisk problem. Han har studert ulike folkemord, både det nazistiske og andre, og han er godt oppdatert på Hitler-litteraturen. Han hadde diverre ikkje høve til å vere med å sjå førpremieren på «Der Untergang» i lag med Klassekampen, men han har følgt debatten nøye både i Tyskland og her heime. Og han er uroleg for den tendensen han synest å sjå til at vi prioriterer ned forteljinga om nazismens offer:– Vi kan sjølvsagt seie om denne filmen at han avspeglar stemninga i bunkeren på ein psykologisk-realistisk måte, og at det er positivt at han tør det. Vi kan trekke fram at han ikkje moraliserer, og at han attgjev det vi har grunn til å tru var mentaliteten på det tidspunktet. Men eg vil stille spørsmål ved om det berre er eit gode, seier Vetlesen.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn