Bøddelen og blondina
Dessverre Outzen, men det er nok du som nektar å ta inn over deg problem og dilemma for sosialistar ved å søke «makt» i det borgarlige maktapparatet. Eg trudde det var eit felles utgangspunkt at venstresida risikerer å bli «bødlar mot folket» – instrument for «Erna Solberg» og NHO i kommunepolitikken og for NHO, EU, Nato og WTO i regjeringsposisjon. I staden for å diskutere, vel Outzen å a) snakke om noe anna (Filippinene), b) spore av (beskylde RV for å vere meir mot SV enn mot høgreregjeringa) og c) definere bort problemet (fylkesmannen kjem uansett og tar oss om kommunestyret legg for mykje vekt på folks velferd).Det er nesten så eg håpar at dette er debattknep. Ei anna forklaringa er verre: Mange SV-folk skjøner ikkje lenger problemet. Den ansvarsflate tankegangen har i den grad vunne hegemoni. Statens klassekarakter er blitt fremmendord.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn