Inntrykk frå ein filmfest
Tromsø Internasjonale Filmfestival (TIFF) er over. I ei lita veke har 42.000 tilskodarar vore til stades på den største filmfestivalen i landet. 70 filmar har rulla nestan døgeret rundt, og folk har sett film, møtt kvarandre og diskutert kva som er godt og dårleg. 10 millionar kroner skal vera brukt i byen av urfolk og gjestar.«Skilpadder kan fly» blei vist den siste sundagen på Verdensteateret, og tre hundre menneske forlot kinolokalet tause. Ein skakande film om ein krig vi deltek i, i ørkenlandet Irak, synte oss øydelegging av menneske og deira land. Born med avskotne føter og armar, utan foreldre, valdtekne, redde i ein endelaus teltleir. Jobben deira: å samla opp landminer. Det farlegaste yrket ein kan ha, landminer som ligg i milliontal i land der vi deltek i krig, under teologen Kjell Magne Bondevik. Siden «Tyttebærkrigen» mot svenskane i 1788 er mannen frå Molde med det breie smilet den fyrste statsleiaren som har sendt Noreg ut i krig. Bileta frå den grusame krigen i Irak, med ungane som er oveletne til seg sjølve, handler om deg og meg og korvidt vi har noko samvet. Gløym ikkje det!
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn