Valla i Davos
I veka som kjem reiser LO-leiar Gerd-Liv Valla til Verdas økonomiske forum i Davos i lag med statsleiarar, næringslivstoppar og andre, slik ho har gjort før. Vi skal ikkje blanda oss for mykje borti kor LO-leiaren vel å reisa. Men når Valla først er i Davos for å snakka med alle dei store og sterke menn, kan det bli interessant å følgja med på kva ho seier. Ifølgje pressemeldinga frå LO ser vi at «Gerd-Liv Valla vil spesielt innlede og delta i en debatt om hvilke forhold som må ligge til rette for et konkurransedyktig næringsliv». Inga lita oppgåve, om den skal gjerast skikkeleg og LO-leiaren også skal gjera seg fortent til applaus frå fagorganiserte på grasrota her heime.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn