Thien Thi Vo (26) har budd i Noreg i fem år, har fast jobb, og forsørgjer seg sjølv. Hennar første og einaste barn, som døydde etter to månader, er gravlagt i Nittedal. Det hindrar ikkje at norske styremakter no krev at ho skal forlata landet. Thien kom til Noreg i 2000, ho hadde gifta seg med ein landsmann som var busett i Noreg. Etter at ekteskapet hadde vart i to år og åtte månader bad ektemannen om skilsmisse mot hennar vilje. Hadde dei vore gifte i tre år, ville ho hatt ein automatisk rett til opphald på sjølvstendig grunnlag. Men det finst ein heimel for å gjera unntak for dei som har hatt lovleg opphald i minst eitt år: Dersom sterke menneskelege omsyn taler for det.