Nyrevindu mot verda
Har du sett kva dei driv på med nedi Ogndalsvegen? Driv dei med noko spesielt nedi Ogndalsvegen? Ja, Høgskolen byggjer saman husa sine. Studentane og amanuensane skal sleppe å kjenne kald luft og skrått regn på veg frå gamlebygget til nybygget. Det er jo berre fem meter. Har sikkert vore meininga heile tida. Men det går utover vindua. Det er da vindu nok i verda. Studentar skal studere, ikkje glane ut av vinduet. Jamen, det går utover nyrevindua. Vi kjem ikkje til å sjå nyrevindua lenger. Nyrevindua??? Høyr no her! Heile historia ligg i dei vindua. Jaså? Du veit jo at Steinkjer vart bomba i 1940. Nesten alt forsvann. Det stod berre nokre få hus att i sentrum. Men den gamle folkeskolen berga for tyskarane sine brannbomber. Så Steinkjer folkeskole – teke i bruk i 1904 og overteke av Høgskolen i Nord-Trøndelag på 80-talet – den er eitt av dei få minna vi har att om det Steinkjer som reiste seg etter bybrannen i 1900. Heile byen vart bygd i jugendstil. Og nyrevindua er jugend? Nettopp. I renessansen likte dei sirkelen. Den var den mest fullkomne geometriske figuren, så i renessansen gjekk planetane i sirkelbane rundt sola. Gud hadde skapt alt – planetbanane også, og Gud gjer ikkje noko som ikkje er fullkome. Og hus fekk sirkelrunde vindu. Men da dei fann ut at planetane gjekk i ellipser rundt sola, vart ellipsen også godteke som ei fullkome form. Og dermed vart vindua – nokre av dei i alle fall – ellipseforma. Barokken likte den dynamikken som låg i ellipsen. Men så – omkring 1900 – kom jugendstilen. Etter at industrialiseringa hadde ete opp halve natur- og kulturlandskapet på jakt etter kol og jarn, fekk naturen plass i arkitekturen. Alt skulle vere organisk, alt skulle vere naturleg. Og ellipsen var ikkje organisk nok. Men klem saman ellipsen på midten, og vips – du har ei nyreform. Så det ligg mange hundre år med kulturhistorie i dei vindua, berre du ser nøye nok. Men det kan du altså ikkje gjere lenger no når Høgskolen byggjer saman gamleskolen med nybygget sitt. Og du meiner dette er ein skandale? Nja, dumskap og historieløyse må vel ikkje få breie seg uimotsagt. Men kor er politikarane? Dei veit vel knapt om det. Kommuneadministrasjonen har nok rekna det som ei rutinesak å gje Høgskolen byggeløyve. Høgskolen er viktig den, nemleg. Sjølv om den er historielaus. , lærer i vidaregåande skule
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn