– Fellesforbundet er veldig passivt. Når det verkeleg gjeld, går ting utruleg tregt, og vekene går, seier Viktor Sandberg, tidlegare klubbformann for dei tilsette ved Mathiassen Mek. Verksted. For to veker sia blei han og kollegene arbeidslause, medan austeuropeiske arbeidarar har tatt over jobbane deira til ein brøkdel av lønna. Nestleiar Arve Bakke i Fellesforbundet sa til Klassekampen sist veke at dersom ein har mistanke om at det blir arbeidd på dårlegare lønns- og arbeidsvilkår enn det som gjeld for norske arbeidstakarar, kan forbundet krevja tariffavtale. Fører ikkje det fram, kan ein setja i verk boikott. Men til no er det ikkje gjort noko tiltak for å iverksetja noko av dette på Mathiassen Mek. Verksted.