Innsikt frå elfenbeinstårnet
I forordet til boka «Face to face with Political Islam» skriv den franske forskaren Francois Burgat om eit fascinerande, men urovekkjande fenomen. Gjennom åttiåra, seier Burgat, kjende tilhengjarane av politisk islam betre til analysane til vestlege akademikarar enn dei kjende til ansikta til dei same akademikarane. Det kom mange bøker om korleis islam hadde vend attende som politisk makt slik ein fugl føniks reiser seg frå oska, skrive av folk som aldri hadde møtte desse folka dei søkte å forklara for verda. Burgat skriv vidare: «Forstadane til Kairo, som gøymer mange av dei som har sluppe frå dei tallause politiraida mot islamistiske aktivistar, og landsbyane i Sa'id-området, fødestaden til Gama'a Islamiyya-rørsla, kan utan tvil fortelja oss meir om den politisk kulturen til sjeik Omar abd al-Rahman sine disiplar enn fortolkingar av innbilte eller verkelege fatwadommar utsteda av han.»Det er ein viktig lærepenge. For å skjøna islamismen som ideologi må ein gå til kjeldene. Ikkje alle har høve til å reisa til Kairo sine forstadar, men me har høve til sjølv å oppsøkja islamistane sin eigen litteratur. Den er i rikt monn tilgjengeleg på både engelsk og fransk. Med L.S.P forlag si omsetjing av den sentrale islamistiske ideologen Sayyid Qutb si mest kjende bok, «Milepælar», er han også tilgjengeleg på norsk. Her kjem ein diskusjon som har gått i Dagbladet dei siste vekene inn i biletet. Carl I. Hagen har nemleg lese ei heilt anna bok for å skjøna islamismen. Han har lese Mark Gabriel si bok «Islam og terrorisme», gjeve ut på det kristne forlaget Prokla Media. På Holmgang 17. november viser Hagen til denne boka. Religionsvitaren Oddbjørn Leirvik går raskt til åtak på han for det (Dagbladet, 20. november), og Hagen svarer på kritikken med å fortelja at ho er ei av fleire bøker han har «hatt nytte av å lesa når eg har søkt kunnskap om kva mørke, destruktive krefter som er i omløp i dagens verd, og som alle har det til felles at dei ber Koranen i eine handa og våpen i andre» (Dagbladet, 3. desember). Sanninga er at det verkar meir enn underleg når Carl I. Hagen appellerer til moderate muslimar samstundes som han tilrår boka til Mark Gabriel, ein tidlegare muslim som har konvertert til fundamentalistisk kristendom. Ein ting er det at Gabriel i boka si fer med harelabb over islamsk historie, og dermed lukkast i å framstilla denne som ei einaste elv av blod. Ein annan sak er det at det, i følgje Gabriel, er ekstremistane som står bak valds- og terrorhandlingar som praktiserer det eigentlege Islam, «slik Koranen føreskriv at det skal vera». Muslimar som ser på Islam som ein fredens religion driv, igjen i følgje Gabriel, anten ynskjetenking eller dei lyg. Dette er det me får vita i boka Carl I. Hagen tilrår oss. Det kan vel ikkje tenkjast at mange muslimar faktisk tolkar Islam annleis enn det kristenfundamentalisten Gabriel gjer? Gabriel hevdar også at vers i Koranen som preiker fred, forsoning og religiøs fridom er oppheva av seinare openberra vers, vers som det såkalla sverdverset (9:5): «Men når dei fredlyste månadane er over, så kjemp mot dei og drep avgudsdyrkarane kor dykk finn dei – ta dei til fange, kringsett dei, legg bakhald for dei overalt!»Dette verset finn i ein av dei surene (kapitla) i Koranen som, i fylgje både muslimske og vestlege forskarar, vart openberra sist. Dermed kan Gabriel sitt standpunkt synast både logisk og truverdig nok. Det finst nok også muslimar som er einige med Gabriel si tolking, men sjølv blant ekstremistane skal ein leita ei god stund og endå litt til før ein finn dei. Dei fleste islamistar vil hevda at dei fredelege boda i Koranen står ved lag og at dei sjølv ikkje bryt dei, fordi dei meiner å kjempa i sjølvforsvar. Dette gjeld også leiande figurar i al-Qa'ida.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent