Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Støtt Sergio Apablazas kamp!

I eit fangehol i lokala til Antiterrorbrigaden til Det føderale politiet i Buenos Aires, Argentina, vansmektar chilenaren Sergio Apablaza Guerra. Det har han gjort sidan 29. november i fjor. Arrestasjonen av Apablaza Guerra må ein sjå i nært samband med at den tidlegare chilenske diktatoren Augusto Pinochet nett på den tida fekk oppheva sin immunitet mot å bli rettsleg forfølgd for dei misgjerningane og særs graverande brota på menneskerettane som skjedde i tida med militærdiktatur (1973-1990).Ein av dei frontane Pinochet sine støttespelarar no kjempar på, er den politiske, og det er kravd at Apablaza Guerra blir utlevert til Chile og der stilt for retten skulda for å vera leiar for Manuel Rodríguez-fronten, som i 1986 freista ta livet av den chilenske diktatoren i eit spektakulært attentat. I midten av desember var dei chilenske parlamentsmedlemmene Darío Molina, Cristián Leay og Carlos Vilches i Buenos Aires med det for auge å få med seg Sergio Apablaza attende til Chile. Dei lukkast ikkje og dét trass i at også den chilenske presidenten, Ricardo Lagos, engasjerte seg og bad sin argentinske kollega, Néstor Kirchner, om å få Apablaza utvist til Chile på flekken. Det ville i så fall ta frå Apablaza retten til å søka om politisk asyl og blei avvist frå argentinske styresmakter fordi det ville gå mot rettar som den argentinske Grunnlova gir.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?