Om livslengda
Ein av dei få tekstane i den vesterlandske tradisjonen som er relevant i høve til den enorme katastofen, er «Epistulae morales ad Lucilium» av Lucius Annaeus Seneca (ca. 4 f.v.t. - ca. 66 e.v.t.). Den form for filosofi som Seneca står for, blir referert til med nemningane «epikureisk stoisisme» og «stoisk epikureanisme». Siktemålet er å fri seg frå frykt, håp og begjær og, gjennom det, å vinne ein fast fred i sjela. Denne varianten av livsførselsfilosofi er den einaste i vesterlandsk tradisjon som på eit sekularisert grunnlag inneber systematisk tenking og mental trening i høve til katastrofar og brå død. Det dreiar seg om sjølvomsorg i ekstreme situasjonar. Seneca tilrår blant anna stoisk meditasjon over fælska (meditatio malorum). Men den skal vere konsentrert og avgrensa i tid. Han skisserer ein del teknikkar for mental trening som Foucault har inkludert i det han kallar teknologiar for sjølvet. Siktemålet er ikkje berre at vi skal øve oss til å møte ulykkene når dei kjem, men også at vi skal greie å kvitte oss med plagsame tankar når dagane er gode. Ei destruktiv blanding av håp og frykt har det dessverre med å formørke tilværet. Frå hans synsstad er det dei som enno ikkje har innstilt seg på det faktum at alt jordisk er forgjengeleg og at dei sjølve er dødelege, som er herja av depressiv frykt, og som ikkje startar med å leve før det er for seint. Dei som ikkje har øvd seg i å forhalde seg til livsens plager, men som prøver å skyve bort tanken på alt vondt, kan stadig bli tunge i hugen. Sjelsmørkret deira kan også kome til å leggje seg over familiemedlemmene som ein trist skugge. Den som derimot – ved visse høve – går aktivt inn for å meditere over fælska, vil bli meir i stand til å ta inn over seg dei gode dagane. Og noko stort paradoks ligg det vel ikkje i det.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn