Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Krig, ikkje berre i 1905

Nils Ivar Ågøys svar til meg 5. januar kan lesast slik at det er nokså avklårande om det reelle synet hans på tilgangen 1895-1905. Men det reiser desto viktigare spørsmål om korleis dei «sakkundige» oppfattar krigsomgrepet no. Om 1895-1905: Stortinget gjekk 7. juni 1895 attende på tidlegare vedtak om norsk konsulatstell. Nytt vedtak om det same vart gjort og halde fast i 1905. Unionsoppløysing fylgde. Eit hovudspørsmål her gjeld den betydninga opprustninga 1895-1905 hadde for at det politiske utfallet vart heilt annleis i 1905. Om 1895 skriv Agøy no, 5. januar, at «det mest aktuelle krigsscenariet det året var en storsvensk aksjon mot et 'opprørsk' Norge som stod militært svakere og mer splittet enn i 1905». Han meiner også at den norske regjeringa i 1895 «ville sikkert uansett ha markert motstand mot et svensk angrep». Agøy reknar altså med reell fåre for svensk militær aksjon i 1895, om Noreg ikkje hadde bøygt av. Når det gjeld grunnane til at det politiske resultatet vart diametralt motsett i 1905, hevda Agøy 28. desember at det er «nasjonalistisk mytedannelse» at det var den føregåande opprustninga som «sikret en fredelig atskillelse». Den reelle grunnen til at Sverige «ikke gikk til krig» i 1905, var at begge land var «blitt for demokratisert». Det er vel ikkje råd å nekte for at Agøy her samanliknar verknaden av opprustninga med verknaden av demokratiseringa? På mitt spørsmål 4. januar, svarar Agøy likevel no at han ikkje veit korleis desse to ting «fornuftigvis» kan målast mot kvarandre. Når han ikkje kan måla og samanlikne, er det altså mogeleg at opprustninga også kan ha spela ei rolle? Jamfør at han no skriv at den demokratiske utviklinga i Sverige «forsterket de strukturelle sperrene mot å gå til krig mot Norge». Elles er det ei hovudsak som kjem altfor lite klårt fram hos Agøy i begge innlegga: Det verkelege spørsmålet om den betydninga den norske opprustninga hadde for utfallet i 1905 kan ikkje vere kva vi no meiner om kor stor krigsfåren reelt var, eller korleis utfallet av ein krig kunne ha vorte. Spørsmålet må vere korleis partane i Karlstad vurderte situasjonen. Det var høgst merkeleg, og ikkje i strid med kjeldene, om ikkje den militære situasjonen, der under opprustninga sidan 1895, også spela ei rolle. Gjorde ho det, er det Agøy 28. desember som lagar ein myte. Krigsomgrepet. Agøy definerer «krig» som «en strid som koster minst tusen drepte» (28. desember). Dette skal vere definisjonen no hos dei «som forskar på krig og konflikter». Ålmenta må ha svært stor interesse av kva for status denne kvantitativt baserte krigsdefinisjonen har, ikkje minst folkerettsleg og statsrettsleg. Gjeld forbodet mot militære åtak av ein stat mot ein annan ikkje, dersom talet på falne ikkje viser seg å bli minst 1000? Kva med Haagkonvensjonen av 1907 og Genevekonvensjonen av 1949, mellom anna om behandling av krigsfangar? Gjeld dei ikkje i konfliktar der talet på drepne ligg under 1000 (t.d. med 100.000 invalidiserte)? Uhyre viktig er det at dersom Agøys definisjon blir lagd til grunn av dei «sakkundige», så er det skreddersydd for normlaus militær terrorisering, utførd av teknologisk overlegne statar overfor dei markert svakare.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen