Spørsmål til Nils Ivar Agøy:Vi har for lenge sidan lært, særleg av Jens Arup Seip, at det er «en nasjonal myte» at suvereniteten og den rettslege likestillinga med Sverige i 1814 vart vunnen ved norsk innsats. Vi fekk «friheten i gave». I jubileumsåret er turen for alvor komen til mytane om 1905. Professor Nils Ivar Agøy, som er spesialist, seier til Klassekamepn 28. desember at det er «nasjonalistisk mytedannelse heller enn historisk forståelse» at «det var Norges sterke forsvar og foregående opprustning som sikret en fredelig atskillelse». Når Sverige ikkje gjekk til krig i 1905, var det fordi «begge landene hadde blitt for demokratisert til at det var mulig».Konkrete spørsmål til Agøy:1. Dersom Noreg hadde halde fast på konsulatstellvedtaket av 1.1.1895, trur Agøy at det hadde vore reell krigsfåre i 1895?2. Dersom Agøy ser ein skilnad mellom 1895 og 1905, meiner han då at det var demokratiseringsprosessen som var mest endra på desse ti åra? Eller var den norske opprustninga relativt raskare endra? Agøy seier også at dersom det hadde blitt krig, ville vi «blitt slått sønder og sammen av svenskene». Men vidare seier han at ein krig for Sverige «ville blitt vanskelig for dem, dyrt og umulig».Spørsmål: Dersom svenskane vurderte dette «dyre og umulige» i 1905, kan det ha hatt ein viss samanheng også med den norske opprustninga mellom 1895 og 1905?Agøy understrekar at der hadde vore ulike motiv for opprustninga etter 1895. (Nokre hadde tenkt på Russland.)Spørsmål: Når vi kom fram til 1905, kva meiner Agøy var det viktige: a) Dei motiv nokre kunne ha hatt for å ruste? Eller b) Kor sterkt det norske forsvaret i 1905 faktisk var då