RV og nedskjeringane
Klassekampen 10. november 2004: Varaordførar Asgeir Drugli (RV) i Notodden seier seg viljug til å gå med på nedskjeringar i skulesektoren for å unngå privatisering av ein sjukeheim. «Det er definitivt snakk om store kutt, seier Drugli.»Klassekampen 2. desember 2004: Solidaritetslista, med Drugli (RV) i brodden, er gått med på å leggje ned ein skule, og kutte i bibliotektenesta. «At vi går med på det, er eit direkte brot på valprogrammet frå vår side, vedgår varaordførar Asgeir Drugli.»Klassekampen 23. desember 2004: Jubilanten Brigt Kristensen (RV) i Bodø kritiserer SV for å gå med på det han ironisk kallar «sosialistiske nedskjeringar» i kommunar. Kristensen seier dette er ei maksimalløysing for høgresida, dette å styre rammene sentralt og ha Ap og SV til å skjere ned på velferden lokalt. Han angrar ikkje på at han ikkje blei verande i SF i si tid: «Eg er så glad for at det ikkje er eg som sit der og driv med sosialistiske nedskjeringar […].»Nei, når RV gjer det, er det sjølvsagt noko heilt anna. Skal vi kalle det «revolusjonære nedskjeringar»?
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn